Foto: Harald Rydland

Kulturkontoret i Fitjar har fått melding om at det er vorte grave eit hol i gravrøysa på Rimsvarden på Fitjar.

No ber dei folk om tips.

– Dersom nokon har sett slik aktivitet, eller dersom nokon ser at det vert grave der i framtida ber ein om å melde frå til Fitjar kommune, skriv kultursjef Bente Bjelland til Fitjarposten.

Gravrøysa på Rimsvarden er eit freda fornminne, og er underlagt kulturminnelova. Slike inngrep i eit freda kulturminne er strengt forbode, og kan verte straffa med fengsel og strenge bøter.

Det er berre nokre få år sidan dette skjedde sist og me er svært opptekne av at det ikkje skjer igjen.

– Tilhøvet vert politianmeldt og følgd opp av arkeologar frå Hordaland fylkeskommune, avsluttar Bjelland.