Foto: Kjetil Rydoland

Alle naudetatane rykka ut søndag føremiddag, då det oppsto røykutvikling ved Odd Larsen i Fitjar sentrum.

Klokka 11.57 søndag gjekk alarmen ved varehuset Odd Larsen i Fitjar sentrum.

Brannvesenet fekk melding om røykutvikling, og alle naudetatar rykka ut. Dryge 20 minuttar seinare melde brannvesenet at dei hadde kontroll på situasjonen.

– Me fekk fleire telefonar frå folk som hadde observert røyk frå inngangspartiet. Då brannvesenet kom til staden var det snakk om ein ulmebrann ved inngangspartiet, som dei raskt fekk kontroll på, opplyser vaktleiar ved 110-sentralen Christer Gilberg.

Brannvesenet har drive undersøkingar på staden for å avdekkje kva som har skjedd.

– Dei måtte ta å rive litt for å sløkke brannen. Dei driv no og målar etter temperatur med varmesøkjande kamera for å sørgje for at brannen ikkje har spreidd seg.

Brannvesenet har sålangt ikkje noko informasjon om omfanget på skadene etter ulmebrannen, eller kva som kan ha vore årsaka til brannen.

Foto: Kjetil Rydland
- Annonse -