Foto: Apotek 1.

Det er framleis råd å få tilsendt medisin frå apotek på Stord til Larsen Multihandel, men ikkje alle har fått tak i medisinen sin i dag.

Som kjent ønskjer ikkje Apotek 1 at me skal møta opp på apoteket dersom me har forkjølingssymptom. Og vanlegvis treng ikkje me fitjarbuar å gå på apoteket i det heile, for me kan få sendt medisinane til Larsen Multihandel.

I dag har me sjekka dette, og funne ut at det fungerer heilt fint. Nettkontakt med fastlegen fornya resepten, og etter kort tid var medisinen på plass hos Vidar Larsen. Heilt smertefritt.

No viser det seg at ikkje alle er like heldige. Ein fortvila lesar, som vil vera anonym, fortel at han ikkje har fått tak i apotek på Stord over telefon i dag. Derfor er han usikker på korleis han skal ordna seg.

Me kan då opplysa at det finst fleire alternativ. Det enklaste er å skriva ei fullmakt, og få nokon til å henta medisinen på apoteket på Stord. Eit anna alternativ er nettbutikken til Apotek 1, der du må logga deg på med Bank-ID.

Er du forkjølt, er nok det beste å skriva ut ei fullmakt og senda ein ven til Stord, eller til Larsen, om du er så heldig å få sendt medisinen dit.