I byggjefelta Bustebrotet og Lio i Øvrebygda har folk blitt uroa i det siste av mistenkelege personar som luskar rundt.

Fleire som bur i Lio har teke kontakt med Fitjarposten i dag, og fortalt at dei har sett folk som ikkje ser ut til å ha naturlege ærend i byggjefeltet deira.

Mellom klokka halv eitt og eitt i natt blei ein korthåra mannsperson observert rundt 50 meter frå huset til innringaren vår. Mannen nærma seg huset, før han trekte seg tilbake då han merka at han hadde blitt oppdaga. Han blei ståande i skogkanten ganske lenge, og studerte området. Så blei han skremt vekk av ein nabo, og var ikkje å sjå då politiet kom til staden.

Kvelden før blei ei ukjend kvinne observert i Bustebrotet, byggjefeltet som ligg ovanfor Lio, litt lenger aust.

Me tar desse meldingane som ei påminning om at me bør vera obs, og låsa boder, garasjar og hus.