Fotoutstillinga vart opna av Fitjarordførar Harald Rydland.

Fotoutstillinga «ukjent landskap» vart høgtideleg opna i Fitjar kultur- og idrettsbygg fredag ettermiddag.

«Me er stolte», seier Torbjørn Hovland der me møter han i døra inn til foajeen. Og dei har all grunn til å vera stolte, fotografane i Stord fotoklubb som har laga til salsutstilling i Fitjar kultur- og idrettsbygg.  Det er ei flott og spennande utstilling med stor variasjon i bileta, både når det gjeld innhald, form, teknikk m.m. Det er fine bilete, spennande bilete, humoristiske bilete, «glansbilete», bilete til ettertanke, bilete til undring…

Frank Biringer, leiar i Stord fotoklubb ynskte velkomen og gav ordet vidare til ordførar Harald Rydland som skullle stå for den offisielle opninga. Han gratulerte og takka for at utstillinga var på Fitjar. Han var imponert over dei flotte bileta og håpar at resultatet av utstillinga vert mange selde bilete og auka medlemsmasse i Stord fotoklubb.

Elise Aarbø som er kultursjef i Fitjar var og svært nøgd med utstillinga. «Det har vore eit ynskje i mange år å få til ei slik utstilling, så det er veldig kjekt at den no er her. Fotoklubben har jobba profesjonelt, og det er blitt heilt nydeleg her i foajeen», sa ho i sin helsing.

Fotoutstillinga er vel verd eit besøk, og som ordføraren sa: ikkje hast forbi, men stopp! Det heng bilete «over alt», nokre bør ein studera på nært hald, andre er best å sjå på frå avstand, ein del må ein sjå på både på nært hald og lenger vekke. Andre bilete må ein løfta blikket for å få auga på.

To av utstillarane kjem frå Fitjar: Torbjørn Hovland og Siv Grete Stamnes. Det er og Siv Grete som står for fotografiet på framsida av brosjyren. Utstillinga vert hengande til 30. november, og i foajeen finn ein eit skriv med presentasjon av utstillarane, presentasjon av bileta med prisliste, kort informajson om fotoklubben og presentasjon av fototeknikkar.

Ynskjer du å bli bedre kjend med fotoklubben kan du gå inn på heimesida deira: http://www.stordfotoklubb.no/

Fotoutstillinga vart opna av Fitjarordførar Harald Rydland.