Bård Inge Bøe melder at det vert uhøgtidleg skeiseløp på Vestbøstadtjødno i morgon, søndag.

 – Løpet er for ALLE aldrar. Vi har laga ei 250m bane som vi skal prøve å vatne litt i kveld. Det heile startar klokka 13.00, og distansane vi ser for oss vert 250m, 500m, 1000m og eventuelt 3000m for dei som vil, skriv han til fitjarposten.no.