17. mai i år blir arrangert etter same leisten som før, får me opplyst frå Fitjar Idrettslag.

Dei varsla endringane i programmet blir skrinlagde, fortel Geir Tore Søreide i 17. mai-komiteen. Tilbakemeldingane frå krinsane var eintydige; det høver best å ha barnetoget klokka 10.00 og ikkje klokka 12.00.

Dermed blir det tradisjonelt opplegg for 17. mai i Fitjar også i år.