Handballjentene i 14-årsklassen fekk med seg eitt poeng heim etter ein lang laurdag i Bergen.

Dagen begynte i Åsanehallen mot eit heimelag som gav Fitjar-jentene grisebank sist dei to laga møttest. I dag gjekk det eigentleg mykje betre, og dei var lenge på talefot med heimelaget. Godt keeperspel av Ida Fitjar og friske takter av toppscorar Rea Mitrovic gjorde at Fitjar spela jamt med Åsane 2 heile første omgang. Etter åtte-ni minutt leia Fitjar endå til med 3-2, og det stod uavgjort rett før omgangen var slutt.

5-4 ved pause let seg så absolutt høyra, og i byrjinga av andre omgang utlikna Fitjar til 5-5 ved Vilde Raunholm Kjelling. Men derfrå og inn handla det meste om heimelaget, sjølv om keeper Ida Fitjar spela bra i mål. Heile 14-6 blei det før kampen var over, men dette var bra sett på bakgrunn av tidlegare erfaringar med toarlaget til Åsane.

Dagens andre kamp, mot Dale i Bjørnarhallen i Arna, hadde jentene større voner til. Og med godt keeperspel såg det ut til å gå rett veg. Ved pause stod det 5-2 til Fitjar, men så var det jamt slutt. I andre omgang var det berre keeper Ida Fitjar som kom i gang, og ikkje ei einaste scoring noterte Fitjar seg for. Toppscorar Rea Mitrovic blei hemma av ein liten skade, men det forklarer ikkje alt. I løpet av dei fem siste minutta scora Dale tre mål, og skuffa Fitjar-jenter måtte nøya seg med eitt poeng. Det gjorde ikkje saka betre at utlikninga kom 15 sekund før full tid, og at målet skulle vore annullert for overtramp.

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes):
Ida Fitjar (keeper), Rea Mitrovic (5 – 1), Vilde Raunholm Kjelling (1 – 4), Lena Tislevoll, Anna Thorland, Silje Thorland, Andrea Hollund, Cathrine Koløen, Ailin Vik, Kathrine Haugvaldstd, Emilie Helland.