Fitjar spela uavgjort 2-2 mot Vadmyra 2, laurdag ettermiddag. -Eit greitt resultat, seier Agnar Aarskog.

-Uavgjort var eit greitt resultat i forhold til sjansar og spel i bortekampen mot Vadmyra 2. Vadmyra var best i første omgang og leia fortent 1-0 til pausen. Fitjar var dårleg i duell spelet og vart til tider spela ut av eit hardt kjempande heimelag.

I andre omgang kom Fitjar betre med og klarte å få uavgjort, noko som var fullt fortent. Kjell Magne Halleraker og Thomas Vestbøstad Waage skåra måla for Fitjar.

Neste kamp er mot Odda heime på førstkomande fredag kl 18.45, i denne må både Kjell Magne Halleraker og Åsmund Sørfonn stå over på grunn av tre gule kort og soning av karantene, fortel Aarskog til Fitjarposten.no.

Fitjar sitt lag: Oddgeir Træet, Sondre Fykse Lie, Arild Træet, Tor Jørgen Larsen, Helge Træet, Åsmund Sørfonn, Kjell Træet, Sindre Andreassen, Ronald Skår, Thomas Vestbøstad Waage, Kjell Magne Halleråker.

Innbytar: 80 min. Lars Engelsen for Thomas Vestbøstad Waage.

Gult kort: Oddgeir Træet, Arild Træet, Åsmund Sørfonn og Kjell Magne Halleråker. Vadmyra 1 gult kort.

- Annonse -