A-laget til Fitjar IL fekk med seg eitt poeng heim frå Nordbygdo etter 1-1 mot Trott fredag kveld.

Fitjar møtte Trott til lokaloppgjer i Prestagardsskogen fredag kveld, siste kampen før ferien.
Fitjar-gutane opna best utan at laget klarte å produsera dei heilt store sjansane.

Laga tar pause etter ein omgang der Fitjar var eit lite hakk betre enn Trott. I andre omgang skjer det litt meir enn i første, men ein må venta til kvarteret før slutt før utteljinga kjem, og det er Trott som lukkast først. Christoffer Steensohn kjem gjennom i midten og overlistar Idar Mjønes i Fitjar-målet. Like etter er Trott nær på å leggja på til 2-0, men Idar Mjønes reddar med ein beinparade.

Utlikninga til 1-1 er av den vakre sorten, Kjell André Thorland fører ballen med seg inn på Trott sin banehalvdel, og frå 40 meter klinkar han ballen inn via tverliggjaren. Minuttar før slutt er innbytar Lars Fitjar Waage nær på å avgjera kampen, men er litt uheldig med si første berøring, og Trott sin sisteskanse kan plukka opp ballen.

Alt i alt eit rettferdig resultat, seier Fitjar-trenar Stein Gunnar Halleråker, som minner om at Fitjar mangla eit heilt lag. I dag meiner han dei kan vera greitt fornøydde med 1 poeng. – Øyvind Fykse Lie gjorde comeback i Fitjar-trøya og viste mykje bra, men best i kveld var midstoppar Helge Træet, som rydda godt opp, avsluttar Halleråker.