Fitjar klarte 1-1 mot "storebror" Stord i lokaloppgjeret i 3. divisjon på Stord stadion i går.

-Dette var ein veldig positiv kamp for oss. Alle gjekk "heilt i kjellaren" for å hente nye krefter, og fleire måtte gå ut med krampe. I det heile synte gutane ein innsats og eit spel eg er stolt av, sëier fitjartrenar Roald Hansen til Fitjarposten.no.

-Eit viktig resultat mot eit antatt betre lag gjev sjølvtillit, fortset han, og understrekar vidare at Fitjar har no meir folk tilgjengeleg, og no verkeleg kan stå på vidare for å kapre fleire poeng. Det vil nok Bremnes, som me skal spele mot neste gong, få merke, smiler Hansen til slutt.

- Annonse -