Fitjar spela i ettermiddag uavgjort 1-1 mot Øygard.
Bortekampen gav såleis eit verdfullt poeng til gutane våre. Fitjar si skåring kom på eit straffespark som Kjell Træet ekspederte kontant i mål.
Her er Agnar Aarskog sin kommentar:
Fitjar fekk eit surt poengtap mot Øygard på laurdag. Øygard utlikna til 1-1 tre minutt på overtid etter ein straffe. Straffa vart idømt etter det me vil kalla dommartabbe. Det var ein som kom inn i vårt straffefelt og la seg flat utan at nokon av våre var i han (godt skodespel) noko Øygard spelarane innrømma etterpå. Dette burde dommaren avslørt og gitt spelaren frå Øygard gult kort for filming. I tillegg seier domaren at han skal leggja til 2 minutt, totalt la han til 5 minutt. I same situasjon vart Trond Henriksen utvist p.g.a. protestar.
Første omgang begynte godt for Fitjar som var beste lag mot eit noko tafatt Øygard lag. Fitjar hadde fleire sjansar til å gå opp i leiinga, men det vart ikkje noko før Gjert Ståle Olsen vart felt som siste mann. Det var ein klar straffe, og Kjell Træet sette ballen i mål. Her meiner me at dommaren gjorde sin andre store tabbe for dagen. Øygard spelaren som felte Gjert Ståle Olsen skulle vore utvist.
Fitjar fekk i siste halvdel av andre omgang meir enn nok med å forsvara seg, sjølv om Øygard hadde ein egen evne til å leggja innlegga bak mål, men dei nærma seg for kvart minutt som gjekk. Med bakgrunn i Øygard sin andre omgang var nok resultatet greitt, sjølv om måten det skjedde på ikkje var så greitt.
Fitjar har vist seg å kunna matcha dei fleste laga, og me må kunna håpa på at laget tek fleire poeng i kampane som kjem.
Neste kamp er laurdag 18.08. kl 15.00 mot Stord i Fitjar Idrettspark. Håpar mange finn vegen til den godtbiten av lokaloppgjer.