A-laget til Fitjar måtte nøya seg med uavgjort 2-2 i heimekampen mot Baune, ein kamp som kunne ha bikka begge vegar.
A-lagsgutane må nok seia seg rimeleg fornøgde med uavgjort mot Baune i heimekampen Kristi Himmelfartsdag. Sluttresultatet 2-2 gir eit godt bilete av kampen.
Men det såg ikkje slik ut i første halvdel av første omgang. Heimelaget tok kommandoen frå start, og hadde kontroll på det meste. Bortelaget frå Bergen såg ut til å ha meir enn nok med solreven, og var knapt over på Fitjar sin banehalvdel. Etter to minutt burde Badi Hurashi ha gitt Fitjar 1-0 då han kom fint gjennom på høgresida, men skotet gjekk diverre utanfor. Og litt seinare kunne Henrik Raunholm Kjelling har scora då han fekk ein retur etter corner ut i feltet. Men det harde skotet gjekk over.
Etter at Fitjar hadde hatt både ballen og spelet, skjedde noko merkeleg midt i omgangen. Gjestene begynte å vinna duellane, og kom på fleire farlege besøk i feltet framfor Oddgeir Træet i Fitjar-målet. Og dei trong ikkje mange forsøk før dei fekk utteljing. Etter 27 minutts spel var ballen bak målstreken, etter ei fin heading av Kim Kristoffersen på ein corner. André Helland var inne i buret og redda, men ballen var over mållinja, og dermed 0-1. Litt imot spelets gang.
Oppglødde av den pluteslege medgangen kjørte Baune-gutane på, og kom til fleire farlege sjansar. To-tre minutt før pause låg ballen igjen i Fitjar-buret. Etter eit fint Baune-angrep, fekk Helge Kalleklev litt for god plass på 16-meteren, og knuste ballen utakbart i vinkelen. Ei fin scoring, og Baune kunne ta med seg 2-0 i garderoben.
Fitjar gjekk hardt ut etter pause, og fekk utteljing etter to minutt. Thomas V. Waage kom åleine med keeper, som henta fram ei feberredning. Men bakfrå kom Henrik R. Kjelling stormande og knuste ballen i mål. Alle, bortsett frå mannen med flagget på sidelinja, såg at dette var mål, og me fekk oppleva ein aldri så lite dramatisk situasjon. Assistentdommaren var oppe med flagget, men før dommaren hadde kome bort på sidelinja for å konferera, hadde han fått tenkt seg om. Han innsåg at han hadde teke feil, og bad dommaren godkjenna målet.
Me fekk sjå fleire Fitjar-sjansar etter at dei tilreiv seg eit visst overtak, og hadde dei fleste målsjansane. Dagens Fitjar-spelar, Nils Ingard Tislevoll, tok ballen med seg frå eigen banehalvdel og skaut over frå kort hald. Me noterte og fleire fine forsøk av Thomas W. Waage, Øyvind Fykse Lie og innbytarane Goff Artsamai og Mats Brakedal. Utlikningsmålet kom etter eit fint raid av sistnemnde fem minutt før slutt. Den påfølgjande corneren heada Helge M. Træet hardt i mål frå kort hald.
I sluttminutta hadde Fitjar fleire sjansar til å berga alle tre poenga, men med 2-2 ebba kampen ut. Slik kampen utvikla seg, må Fitjar-gutane vera relativt nøgde. Men det gir grunn til ei viss undring at dei gav frå seg initiativet i kampen midt i første omgang, på eit tidspunkt då dei såg ut til å ha full kontroll.
Etter mager poengfangst i det siste ligg Fitjar eit stykke nede på tabellen i 4. divisjon. Når også dei andre laga har kome opp i sju kampar, kan det vera ubehageleg kort avstand ned til botnstriden. Onsdag 4. juni ber turen til Bergen og møte med Djerv på Møhlenpris. Og torsdag om to veker kjem eitt av høgdepunkta i årets sesong. Då kjem eit poengfattig Bremnes til Fitjar Idrettspark.


