Fitjar spela uavgjort mot Odda i fredagens kamp på ein våt Fitjar bane og gav dermed frå seg leiinga i serien til Halsnøy på betre målskilnad.

Til denne kampen sleit Fitjar med å ha nok spelarar, derfor vart Jan Åge Tislevoll og Stian Hatlevik henta inn som reserve.  Åsmund Sørfonn og Kjell Magne Halleraker sona karantene for gule kort medan ein har nokre på skadelista og nokre på jobb.
Kampen var spelemessig ganske jamn, men Fitjar hadde nok dei fleste og største sjansane og burde nok tatt med seg alle poenga i denne kampen.

Arild Træet vart av ein lokal jury kåra til Fitjar sin beste spelar.
Neste kamp vert eit toppoppgjer mellom Halsnøy og Fitjar på førstkomande laurdag.

Fitjar – Odda 2 – 2

Fitjar Idrettspark 08.09.06 kl 18.45.  Tilskodarar ca 100.

Fitjar: Trond Henriksen, Lars Engelsen, Tor Jørgen Larsen, Arild Træet, Sondre Fykse, Helge Træet, Kjell Træet, Sindre Andreassen, Gjert Ståle Olsen, Thomas Vestbøstad, Ronald Skår.

- Annonse -

Innbytte: 75 min. Jan Åge Tislevoll for Thomas Vestbøstad. 85 min. Stian Hatlevik for Lars Engelsen.
            
Mål:  
1-0 23 min. Gjert Ståle Olsen.
1-1 42 min. Sjølvmål.
2-1 67 min. Gjert Stålen Olsen.
2-2 82 min.