A-laget til Fitjar held unna i toppen av 5. divisjon etter uavgjort mot opprykksrival Løvstakken i Bergen i dag.

Med 2-2 mot Løvstakken i dag er Fitjar nærmare 4. divisjon enn på mange år. Løvstakken er eitt av dei laga som kunne nærma seg Fitjar med siger i dag, så dette var ein typisk 6-poengskamp i kampen om opprykk i puljen til Fitjar i 5. divisjon.

– Løvstakken er det desidert beste laget me har møtt i haust, seier ein storførnøgd Fitjar-trenar, Kjell Træet.

Arbeidsmessig var dette ein fantastisk kamp, med stort tempo heile kampen igjennom, seier Kjell til Fitjarposten. Aggressive heimespelarar tok serieleiarane på senga dei første 10 minutta, og Fitjar sleit med å komma i gang med sitt eige spel. Derfor var det ikkje uventa at heimelaget kunne gå opp til 1-0 etter 10 minutts spel.

Etter kvart som heimelaget hadde fått rast frå seg, kom Fitjar meir med. Dei fekk etablert sitt eige spel med god rørsle i laget. Dette gav fleire fine angrep for serieleiarane, men også heimelaget var skumle når dei fekk brot høgt i banen, og kom i stor fart mot mål. Etter 27 minutt var det Fitjar som lukkast, då dei kom to mot ein inn på heimelget sin banehalvdel. Toppscorar Jan Åge Tislevoll fekk ballen frå Jonas Tislevoll, storma mot mål, og la ballen kontrollert til side for heimekeeperen.

Kjell Træet fortel at han gav dei andpustne spelarane sin mykje skryt i pausen. I andre omgang tok dei tak i kampen frå start, og Leif Andre Tangen, som kom inn i pausen, serverte det eine klasseinnlegget etter det andre frå høgrekanten sin. Han hadde ein lynkjapp back som oppassar, men let seg ikkje stoppa av det. Eitt av innlegga hans enda med ei heading i tverrliggjaren. Utover i omganen hadde også Øyvind Fykse Lie fleire gode skotforsøk, men det var heimelaget som scora først. Eit langt innkast skapte rot i Fitjar-forsvaret, og Løvstakken kom først på ballen og scora. 

Fitjar-trenaren fortel at han var redd lufta skulle gå ut av spelarane hans etter scoring imot så seint i kampen. – Men vinnarviljen i dette laget er imponerande, seier Kjell. Dei fekk det litt enklare mot slitne heimespelarar mot slutten, og etter 78 minutt var det klart for utlikning. Eit innlegg frå Leif A. Tangen gjekk over forsvaret til Løvstakken, og på bakarste stolpe kom Jan Åge Tislevoll stormande og heada knallhardt i mål. – Ei kjempescoring, seier trenaren.

Med 2-2 mot det beste laget i puljen er Fitjar-trenaren naturlegvis kjempefornøgd. Kjell kan ikkje unngå å kikka på tabellen, men seier han bad spelarane sine før kampen om å fokusera på ein god prestasjon. Og han er over måte fornøgd med at dei svarte slik dei gjorde. Han er imponert over at dei hevar seg mot gode lag, etter variabel innsats i enkelte kampar. Han vil ikkje trekkja fram enkeltspelarar etter dagens kamp, men seier at midtbanen er enormt god for tida. Og han legg ikkje skjul på at han synest det er kjekt å sjå Jonas Tislevoll og Andre Helland prestera så godt som dei gjorde i dag. Og ikkje minst innbytar Leif Andre Tangen. Elles er Kjell fornøgd med dei 15 minuttane han gav debutant Sebastian Thomassen i dag. Han var uredd, og det gjekk ikkje an å sjå at dette var første kampen hans på dette nivået, seier Kjell.

Fitjar-trenaren trur at ein grunn til suksessen er måten laget spelar på, at dei har ballen mykje. Slik at forsvaret kan stå mykje med nasen framover. – Men vinnarviljen er det som imponerer meg mest med dette laget, seier ein stolt trenar for serieleiarane i 5. divisjon.