Smågutelaget til Fitjar IL måtte nøya seg med uavgjort 5-5 mot Trio 1 laurdag ettermiddag.

Gutane i klassen G13 har så langt i sesongen vore det beste laget i Fitjar Idrettslag, og har gått frå siger til siger. Men mot Trio 1 i går butta det litt meir imot enn vanleg. Fitjar tok oppskriftsmessig leiinga 1-0 ved Eirik Hovland etter få minutts spel. Men Trio kvitterte kort tid etter. Mats Westvik la på til 2-1, men også denne gongen kvitterte Trio ganske snart. Fitjar kunne gå til leiing 3-2 etter eit skot frå midtbanen ved Sander Tverborgvik, eit høgt skot som Trio-keeperen boksa i eige nett. Her var ikkje keeperen heilt heldig, men gjestene hadde først og fremst han å takka for at dei kunne gå til pause med berre 3 mål imot. Han imponerte voldsomt med gode beinparadar då Fitjar-spelarane i tur og orden kom åleine mot keeper, og berre hadde å setja ballen i mål. Situasjonar som i dei aller fleste tilfelle gir scoring, men altså ikkje i går.

Også i andre omgang var Fitjar det beste laget, men det var Trio som scora først, og utlikna til 3-3. Då Thomas Solli Koløen og Sebastian T. Thomassen hadde gitt Fitjar 5-3, trudde dei fleste at kampen var avgjort. Men Trio kom sterkt tilbake, og utlikna mot slutten. I ein kamp Fitjar burde ha vunne.

Fitjar stilte med dette laget:
Anders H. Strand, Sander Tverborgvik, Mathias Lussand, Vebjørn Larsen, Eirik Hovland, Sebastian Tufteland Thomassen, Christian Helland, Johannes Myhre, Jedrek Rutkowski, Thomas Solli Koløen, Marcus B. Isaksen, Aksel Sundal, Vegard Vik, Nicolai Agdestein, Mats Westvik, og Morten Korsvik Pedersen.

ciclo steroidi sicuro