Juniorlaget til Fitjar berga eitt poeng mot Stord 2 tysdag kveld etter utlikning til 2-2 i sluttminuttane.

Det såg lenge mørkt ut for Fitjar-juniorane i kveldens kamp mot Stord 2. Dei låg under 0-2 før Vidar Vestbøstad reduserte til 1-2 på straffe i 1. omgang.

Trass i eit klart overtak i 2. omgang let utlikninga venta lenge på seg. Brynjar T. Engelsen fekk annullert ei scoring om lag 10 minuttar før slutt, og det såg ut til å gå mot tap. Men få minuttar før slutt lukkast det endeleg for Torbjørn Korsvik, som utlikna til stor jubel frå medspelarar og eit entusiastisk publikum.