Handballdamene til Fitjar IL måtte nøya seg med eitt poeng mot Mathopen i seriekampen torsdag kveld, etter å ha leia mesteparten av kampen.

Berre få minutt før slutt leia Fitjar-damene med tre mål, og det kunne sjå ut til å gå mot tre poeng for heimelaget. Men i dei dramatiske sluttminutta var det gjestene frå Bergen vest som hadde heldt best kontroll på nervane, og åt opp den vesle leiinga til Fitjar.

Alt i alt var dette ein god kamp frå Fitjar-damene si side. Nesten heile første omgang var dei i leiinga, men dei siste fem minutta av omgangen nytta Mathopen høvet til å stikka frå. Etter at dei hadde utlikna til 10-10, seig dei frå, og kunne ta med seg leiinga 13-10 inn i garderoben ved pause.

I andre omgang varta Kristine Korsvik i Fitjar-målet opp med fleire gode redningar, og Fitjar tok igjen 3-målsleiinga. Etter kvart gjekk dei og ifrå, og leia med eit par mål størsteparten av andre omgang. Då dei leia med tre mål 10 minutt før slutt, var dei svært nær å avgjera kampen. Men eit par småfeil frå Fitjar-jentene si side og eit par stolpeskot var nok til å bringa motstandarane inn igjen i kampen.

Dermed måtte Fitjar-jentene nøya seg med uavgjort 25-25 og eitt poeng i ein kamp dei hadde fortent å vinna. Me fekk sjå mykje bra spel, både av keeper Kristine Korsvik og av utespelarane. Men marginane var ikkje på jentene si side denne gongen.

Etter to tap tidlegare i haust, stod Fitjar på 0 poeng før kveldens kamp. Resultat og tabell kan me lesa her:

Fitjar sitt lag
(scoringar i parentes):
Kristine Korsvik (keeper)
Cathrine Haga       (10)
Marita Westerlund  (2)
Maria Larsen          (1)
Maj R. Engevik       (4)
Gunnhild Jonassen 
June Åkra
Randi Thorland      (4)
Ingvild Rimmereid  (4)