Fitjar-damene måtte nøya seg med uavgjort 25-25 då Kleppestø kom på besøk tysdag kveld.

Det burde ha lege til rette for ein klar heimesiger i kveld, då opprykkskandidatane frå Fitjar møtte Kleppestø, som ligg rett over nedrykksstreken i 5. divisjon. Men gjestene frå Askøy viste seg mykje seigare å knekka enn ein skulle ønskja.

Laga følgde kvarandre som skuggar gjennom første halvdel av første omgang. Men så drog Fitjar frå, og var oppe i ei seksmålsleiing, før laga gjekk til pause på stillinga 16-11 til Fitjar. Dermed trudde fleire av oss at heimelaget hadde god kontroll og kunne ro sigeren greitt i land. Men fem mål er ikkje mykje i handball, og Fitjar inviterte gjestene inn att i kampen med usikkert forsvarsspel. Når heller ikkje skota sat som dei skulle, kom Kleppestø etter kvart a jour, og kunne med litt flaks ha vunne kampen.

Toppscorar for Fitjar blei, som så mange gonger før, Ingvild Kannelønning, med 10 mål. Susarane hennar har avgjort fleire kampar for Fitjar i vinter, men i kveld hamna mange av dei i treverket. Dermed blei det bokstaveleg tala stong ut for Fitjar.

Trenar Harald Engevik var lite nøgd med forsvarsspelet i kveld. – No er vona om opprykk ute, men til neste år skal me lukkast, smiler ein alltid like optimistisk Fitjar-trenar.

Fitjar sitt lag (mål i parentes):
Kristine Korsvik (målvakt)
Solveig Fitjar (målvakt)
Charlotte Solberg 1
Randi Thorland 2
Marit Thorland
Marita Nysæther 2
Maria Larsen 5
Amalie Korsvik 2
Ingvild Rimmereid 3
Ingvild Kannelønning 10

Etter kveldens kamp ligg Fitjar på andreplass på tabellen med 16 poeng. Men Askøy 2 på 3.-plassen har to kampar mindre spelt, så opprykksvona er i praksis ute. Terminliste, resultat og tabell finn me på sidene til www.handball.no: