Gutelaget til Fitjar hadde dei fleste sjansane, men måtte nøya seg med uavgjort 2-2 mot Ferkingstad torsdag ettermiddag.

Heimelaget hadde dei fleste og største sjansane, og burde ha slått gjestene frå Ferkingstad. Men skota hadde ein lei tendens til å hamna i stengene eller i klypene på ein god og heldig gjestekeeper.

Opninga av første omgang bar bod om ein jamspelt kamp, og det var gjestene som tok leiinga etter 9 minutts spel. Men då Geir Steffen Tranøy utlikna til 1-1 tolv minutt seinare, overtok heimelaget meir og meir av spel og sjansar. Geir Steffen scora sikkert frå kort hald, og han hadde mange sjansar utover i omgangen. Det same hadde den andre lettbeinte Fitjar-spissen, Frode Malkenes, men merkeleg nok resulterte ikkje sjansane i mål.

Då Frode Malkenes ga Fitjar leiinga 2-1 etter eit kvarter i andre omgang, såg dei fleste for seg at det skulle gå rette vegen for heimelaget. Men gjestene klarte på nytt å kvittera nokre få minutt seinare,  då markeringa på corner svikta i Fitjar-feltet. Det mangla ikkje på sjansar til å avgjera kampen for heimelaget, men uflaks og manglande effektivitet gjorde at ballen ikkje gjekk i mål. Dermed måtte Fitjar-gutane sjå gjestene lura med seg eitt poeng heim til Karmøy.

Tabellen for G16 avd. 04 i Rogaland Fotballkrets er ikkje altfor lysteleg lesnad, men no har iallfall Fitjar fått sitt første poeng.

Laget til Fitjar:
Aleksander Henriksen, Arild Dalsgård, Emil Fitjar, Petter Volden, Sjur Rydland, Lars Fitjar Waage, Bernt-Ove Maraas,  Vegard Hareide, Geir Steffen Tranøy, Frode Malkenes (Torkel Nesbjørg 15 min.) og Ola Westvik (Tobias Vestbøstad 30 min.).