Torsdag kveld kom fotballdamene heim frå Sotra med eitt poeng etter 2-2 mot Skogsvåg.

Laget var på jakt etter sin tredje strake seier, etter at laget har opna serien med full pott etter to spelte kamper. Fitjar kom aldri i gang med pasningsspelet i denne kampen, det blei i perioder stor strekk i laget, noko som førte til at Fitjar ikkje fekk lagt eit skikkeleg press på Skogsvåg. Kort tid før pause får likevel Britt Lise Volden sett ballen i mål etter forarbeid av Martine Engelsen.

Med vinden i ryggen i andre omgang løfter Fitjarlaget seg, laget produserer fleire store muligheter, men unøyaktighet i den siste pasningen eller avslutningen gjer at laget «svir» av fleire feite muligheter. Etter 70 minutt går heimelaget opp i ledelsen, ein ledelse laget held til 8 minutt før slutt når Britt Lise igjen er frampå og utliknar til 2  – 2 etter flott førearbeid av Marte Torland.

På ein dag der ikkje alt gjekk på skinner skal damene vera bra fornøyd med eitT poeng i denne bortekampen.