Fitjar-damene leia nesten heile kampen mot Mathopen tysdag kveld, men måtte nøya seg med uavgjort til slutt.

Fitjar-trenar Harald Engevik er rimeleg fornøgd med uavgjort, sjølv om damene hans var svært nær å vinna kveldens heimekamp mot Mathopen. – Det er betre med eitt poeng enn ingen, seier han rett etter at dommarane har blåst av den dramatiske kampen.

Dette var ein kamp Fitjar-jentene burde ha vunne, etter at dei leia med tre mål vel fem minutt før slutt. Og utlikninga til 28-28 for Mathopen kom rett før kampen var over.

Likevel har damene grunn til å vera fornøgde, kampen sett under eitt. Dei låg eit lite hestehovud før gjestene sine heile kampen.
Etter at Fitjar hadde leia med eitt mål nesten heile først omgang, utlikna Mathopen til 15-15 i siste sekund før dommarane bles av til pause.

I andre omgang opna gjestene best, og leia ei stund med eitt mål, men etter kvart overtok Fitjar. Rundt 10 minutt før slutt gjekk dei opp i ei tremålsleiing, og det såg lenge ut til å halda heilt inn. Vel fem minutt før slutt stod det 28-25, og gjestene begynte å bli svært stressa. Den negative energien frå gjestetrenaren såg ut til å vippa oppgjeret Fitjar sin veg. Men vel 10 sekund før slutt utlikna Mathopen, og dermed måtte Fitjar-damene nøya seg med eitt poeng.

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes): Kristine Korsvik (keeper), Solveig Fitjar (keeper), Ingvild Rimmereid (3), Lillian Gjuvsland (2), Amalie korsvik (2), Ingvild Kannelønning (4), Kristin T. Dahl (4), Miriam Almås (6), Maria Larsen (2), Julie S. Jensen (1), Marit Thorland (2), Randi Thorland (2).