Fitjar sitt damelag i fotball spelte fredag kveld uavgjort 4-4 mot Njardar/Tysnes. Fredagskvelden reiste damelaget til Tysnes for å spela mot Njardar/Tysnes.

Kampen gjekk på gras, noko som me ikkje er så vant til i år, for dei fleste kampane våras har gått på kunstgras. Og det er ein av grunnane til at me sleit…..
Me opnar kampen slik som me har gjort i dei siste kampane med å scora tidleg.Når det var gått ca. 20 min. leda me kampen 2-0

Men etter dette sleit me voldsomt, det blei veldigt stor strekk i laget og ting "funka" ikkje.Det var mykje ein og ein og me mista ballen. Det blei mykje større rom for Njardar/Tysnes og dei utnytta det maksimalt, me klarte ikkje å komma oss heim på rett side, og dei fekk tid til skudd som gjekk i mål. No var stillinga 2-2. Men so vakna me litt og reduserte til 3-2, men berre for ei lita stund.. Njardar/tysnes får komma seg ned på sida og lagt inn og litt uheldigt laga me eit sjølvmål. No er stillinga 3-3 og pause.

2.omgang starta me greit, me fekk meir lagspel og preika mykje meir og det gjer trygghet ilaget. Men idag var det rett og slett ikkje vår dag, me skaut og skaut men fåtall gjekk inn. Me styrte det mesta i denne omgangen, men det var ikkje vår dag i dag!

Me fekk oss eit mål i midten av omgangen og no leda me kampen igjen.. men berre for ei lita stund. Me klarte ikkje å komma oss heim på rett side og Njardar/Tysnes kom i overtall og får putta på til 4-4. resten av omgangen pressa me på så godt me kan, men som sagt DA VAR IKKJE VÅR DAG I DAG!!!!!!!!

Kampen enda 4-4:-(

Desse var med Kari Steinsland Vik, Britt Lise O. Volden,Ingrid Einarsen,Elin Kvia,Gro Hatlevik,Sanna Tislevoll,Birte Steinsland,Marte Torland, Mai Britt Drivenes og Margaret Hillestad