Damelaget til Fitjar spelte 3-3 i toppkampen mot Nest Sotra torsdag kveld. Fitjar sitt damelag tok i mot Nest Sotra til toppkamp i avdelinga på kunstgraset i kveldssola torsdag kveld. Fitjar starta best, men gradvis kom Nest Sotra meir med i kampen, og etter 17 min. tok laget ledelsen i kampen. Fitjar-damene hang ikkje med hovudet av den grunn, og 5 minutt seinare utlikna Elin Kvia på ein flott enkeltmannsprestasjon. Nest Sotra tok igjen ledelsen, på eit langskudd som gjekk inn i lengste hjørna. 1 min. før pause utlikna Birte Steinsland på heading etter ein retur på eit godt slått frispark frå Marita Nysæther.

Andre omgang bølgjer fram og tilbake mellom to angrepsvillige lag, og Fitjar-damene spolerer fleire store sjansar til å scora. 9 minutt før full tid er Birte frampå og lagar sitt andre mål i kampen, og Fitjar er i ledelsen for første gong i kampen. Fleire slitne spelarar og konsentrasjonssvikt gjer at Nest Sotra i siste speleminutt av ordinær tid utliknar til 3–3.

Uavgjort var ikkje eit heilt ufortent resultat, sjølv om Fitjar-damene nok hadde dei fleste og største sjansane i kampen. Alle spelarane sto på og jobba godt, men ekstra pluss til tomålscorar Birte Steinsland, Anne Helene S. Vestbøstad på midtbanen og Stina Rimmereid, som gjorde ein veldig god kamp på topp.