Daniel Skarpnes med hat trick mot botnlaget Vaksdal. Foto: FP-arkiv / Kjetil Rydland.

Trass i at dei spela ein relativt god kamp, blei det berre uavgjort 2-2 på heimebane for A-laget mot Bønes i dag.

A-laget til Fitjar spela sin beste kamp på lenge då dei møtte Bønes, ein annan nedrykkskandidat, på Fitjar-graset laurdag ettermiddag. Men det begynner å bli veldig lenge sidan dei vann ein fotballkamp, og dei måtte nøye seg med 2-2, etter 2-1 ved pause.

Fitjar spela ein god første omgang; det er det beste me har sett på graset i Fitjar Idrettspark i haust, og dei leia heilt fortent 2-1 ved pause. Det var rett nok gjestene som tok leiinga, etter rundt 20 minutts spel, ved Jørgen S. Størksen. Men eit flott frispark frå langt hald av Jonas Aleksandersen, og straffespark ved Daniel Skarpnes snudde kampen.

I andre omgang fall kvaliteten noko frå Fitjar si side, og Jørgen S. Størksen scora sitt andre mål for dagen og berga eit viktig bortepoeng for Bønes. Begge lag hadde rikeleg med sjansar til å avgjera kampen på slutten, men det ebba ut med 2-2 og poengdeling. Den største sjansen hadde Fitjar på overtid, men ballen blei «blåst» høgt over frå kort hald rett før fløytesignalet gjekk.

Spelemessig var dette ein lovande kamp frå Fitjar si side. Spelet heldt god standard i 5. divisjon, men det er så synd at det begynner å bli vel seint. Laget må vinna fotballkampar for å berga plassen i divisjonen, og det ser veldig vanskeleg ut. Dagens Fitjar-spelar blei Øyvind Fykse Lie, som for tida er i sterk framgang.

Etter som den første haustsigeren framleis lar venta på seg, ligg Fitjar veldig utsett til i botnen av tabellen for 5. divisjon adv. 03 Hordaland.

Dagens Fitjar-spelar, Øyvind Fykse Lie, i fint driv. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar – Brønes 2-2 (2-1)
seriekamp 5. divisjon avd. 03 Hordaland
Fitjar Idrettspark
Laurdag 8. september kl. 13.00
Dommar: Kenneth Heggøy, Varegg Fotball
Publikum: 75

Mål: 0-1 Jørgen S. Størksen (20), 1-1 Jonas Aleksandersen (22), 2-1 Daniel Skarpnes (33, straffe), 2-2 Jørgen S. Størksen (58)

Gult kort: Rezwan Kadir (55) og Jonas Yang Tislevoll (34), Fitjar; Jonas B. Bertelsen (32) og Jørgen S. Størksen (84), Bønes

Fitjar sitt lag mot Bremnes: Ruben Træet, Brynjar T. Engelsen, Leif Tore Aarland, Torbjørn Korsvik, Svein Arne Raunholm, Helge Myrmel Træet (kaptein), Rezwan Kadir (Kristian Træet 75), Jonas Aleksandersen (Mats Vestvik 65), Øyvind Fykse Lie, Jonas Yang Tislevoll (Marius Helland Storebø 81) og Daniel Skarpnes.

Med to mål hindra Jørgen S. Størksen Fitjar i å vinna sin første siger for hausten. Foto: Kjetil Rydland.