Daniel Skarpnes har opna målkontoen for året Foto: FP-arkiv / Kjetil Rydland.

I kveld har A-laget til Fitjar vore i Bergen og sikra seg sitt første seriepoeng i 5. divisjon etter 1-1 mot Vadmyra.

A-laget har fått ein brukbar start på sesongen, og ser ikkje ut til å verta nokon kasteball i puljen sin. Førre veke hadde seriefavoritten Austevoll si fulle hyre med å ta tre poeng mot Jan Åge Tislevoll sine utvalde, og i kveldens bortekamp mot Vadmyra blei det uavgjort 1-1.

Etter pause stode det 0-0 på kunstgraset til Vadmyra. Fem minutt ut i andre omgang gjekk heimelaget opp til 1-0, men berre sju minutt seinare utlikna Fitjar. Målscorar var Daniel Skarpnes, pasninga kom frå Marius Helland Storebø.

Neste kamp for Fitjar i 5. divisjon avd. 02 er ikkje før torsdag 25. april, heime mot Bønes.

Vadmyra – Fitjar 1-1 (0-0)
Seriekamp 5. div. menn avd. 02
Vadmyra kunstgress 9. april kl. 20.00

Mål:
1-0 (50. min.), 1-1 Daniel Skarpnes (57.),

Dommar: 
Amang Kanyi, SK Baune

Fitjar sitt lag mot Vadmyra:
Jacob Mehammer, Øystein Fitjar Waage, Ronald Skår (Emil S. Fitjar 67.), Helge Myrmel Træet, Torbjørn Korsvik, Øyvind Fluge Rydland, Leif Tore Nesbø Aarland, Jonas Yang Tislevoll, Kristian Træet (Lars Fitjar Waage), Nabil Zeynalabedien (Daniel Skarpnes 28. min.) og Marius Helland Storebø.

Marius H. Storebø har kome godt i gang med sesongen, med eitt mål, eitt straffespark og ei målgivande pasning. Foto: FP-arkiv / Kjetil Rydland.
- Annonse -