Pål Haugen Lillefosse blir gratulert med EM-gull etter å ha gått over 5,41 i stavsprang i går. Skjermdump: Eurosport.

I går gjekk attenåringen Pål Haugen Lillefosse frå Sandsli i Bergen heilt til topps i stavsprang under U20-EM i friidrett, som gjekk av stabelen i Borås i Sverige.

Med 5,41 vann den unge Fitjar-ætlingen frå Sandsli i Bergen ein relativt klar siger, 10 cm føre nestemann. Resultatet er 5 cm bak vinnarresultatet hans frå junior-EM i Györ i Ungarn i fjor, og 16 cm bak hans eigen personlege rekord.

Men det unge friidrettstalentet har likevel all grunn til å jubla i dag. Han har nemleg eit trøblete år bak seg med ulike skadar, og han har hatt ei kronglete oppkjøring til sesongen, melder BA.

Pål Haugen Lillefosse er eit av dei største friidrettstalenta i Noreg, og blei i fjor kåra til årets talent av Bergensavisen.

Me må vedgå at det gler oss litt ekstra sidan han har sterke band til Fitjar. Faren heiter Arne Lillefosse og er vaksen opp på Fitjar. Og bestefaren, Peder Lillefosse, var ein av dei beste utøvarane i Fitjar Idrettslag for rundt 50 år sidan.

– Annonse –

Me gratulerer med Pål Haugen Lillefosse med ein ny gullmedalje, og ser fram til å følgja han vidare mot nye høgder.

Lillefosse går klart over 5,41 og sikrar seg gullet i EM. Skjermdump: Eurosport.
- Annonse -