Line Westvik og Turid Marie Fitjar prøver seg på bogeskyting. Foto: Nobukazu Imazu

Fredag 11.september starta Fitjar sokenråd opp U-caf igjen etter sommerferien.

U-caf er ein rusfri treffstad for ungdom på Kultur- og idrettsbygget, og er for dei frå 8. klasse og oppover.

KRIK hadde si trening i idrettshallen kl.19.00-21.00. Ungdomane lytta til Geir Arne Solbakken med stor merksemd då han snakka om Guds kjærleik i andakten. Saman med Geir Arne hadde Øystein Fitjar Waage og Jonas Tislevoll (dei to nye unge KRIK-medarbeiderne) ansvar for treninga.

På U-caf stod Randi Dalen for sal av popkorn, og popkorn var kjempepopulært blant ungdomane. 

I foajén var det ulike aktivitetar: bordtennis, bilspel, couronne etc. Ungdomane likte spesielt bilspelet!

Til slutt fekk me uventa gjester fra bogeskytrrklubben på Stord som demonstrerde bogeskyting! 

Line Westvik og Turid Marie Fitjar prøver seg på bogeskyting. Foto: Nobukazu Imazu