Det går godt for  arrangørane av festivalen på Tysnes. I år har dei kunne starta opp med godvêr.

På Camp Tysnesfest, som i år ligg på Uggdal, er det begynt å fyllast opp. Allereie onsdag kom dei første, og utover torsdagen, som for mange er den verkelege starten på festen,  blei telta ståande tetterare og tettare på grasområdet som ligg imot det idylliske vatnet på Uggdal.

Fitjarpostens utsendte festdeltakar bur i campingvogn, og kan slå fast at sjølv om toaletta er plassert på andre siden av vegen og dusjane ikkje egnar seg for dei mest sjenerte, er det eit bra tilbod.

Det er eit variert musikalsk tilbod Tysnesfest serverer. Onsdag fekk vi høyre vakker musikk frå Kari Bremnes og bandet hennar,  medan konsertarenaen på Gjerstad  opna torsdag. Den heilt ferske kjendisen Eirik Søfteland frå Os opna gildet. Sjarm og karisma til hundre! Neste gong han vert hyra, kan han godt få meir speletid.

Laurdag er det som alltid marknadsdag i Våge, kan hende den mest spennande familiedagen under festivitasen. Program finnast på Tysnesfest si heimeside: http://www.tysnesfest.no.

Me vil vere på utkikk etter fitjarbuar på laurdag, så tek du turen, kan det vere det er deg som får bilete ditt i avisa!