Det var eit vellukka arrangement som gjekk av stabelen på Tysnes. Alle dei tre konsertkveldane baud på varierte musikkopplevingar.

Dei mest sjarmerande var Eirik Søfteland, Vinni  Wenche Myhre og Madcon, som saman med Datarock kommuniserte godt med publikum. Uansett var det noko for kvar smak, om enn ikkje heile tida. Langs borda og benkane som var sett opp, var det heilt fullt, og det var mange som sat på plenen. Likevel var det tett med publikum foran scena.

Laurdagen starta med regn, noko som ikkje var særleg populært blant dei som selde varer på kaien, og klokka elleve, då det til vanleg yrer av folk på marknaden, var det fortsett berre ein og annan som kikka seg rundt mellom bodane. For oss som var på plass, var det god tid til å prate med nokon av dei som jobba med å halde regnvatnet unna salsprodukta.
 
Det viste seg likevel at veret ikkje hindra folk i å kome, dei kom berre litt seinare. Kan hende var det “Vennebyen” som fekk folket på plass? Etter kvart vart det opphald mellom regnbygene, og om ettermiddagen kom sjølvaste sola fram på himmelen.

Laurdagskvelden gav mange fornøgde gjestar. Tretten år gamle Sofie Sørfonn, som var med mor si på jobb, kåra Madcon til kveldens høgdepunkt.
 
Vel blåst, Tysnesfest – det ligg til rette for ny suksess om eit år.