Tysk mineryddingsfartøy på veg gjennom Nuen søndag ettermiddag. Foto: Kjetil Rydland.

Søndag ettermiddag passerte sju mineryddingsfartøy på veg nordover gjennom Nuen, saman med eit forsyningsskip.

Dei som har godt syn eller ein god kikkert, kunne slå fast at det stod ein stor M på sida til dei sju første marinefartøya som passerte gjennom Nuen mellom klokka eitt og to sondag ettermiddag. M-en står for «minesweeper» og tyder at skipa er minesveiparar eller minejaktfartøy.

Heilt til slutt kom forsyningsfartøyet FGS Werra A 514. A-en på skutesuida står for «auxiliary» og blir brukt på støttefartøy som sørgjer for etterforsyningar av materiell ssom ammunisjon, drivstoff, reservedeler og mat.

De åtte fartøya er med på øvinga «Squadex», og delar av den skal føregå i norske farvatn, opplyser Jørn Hammarbekk, pressetalsmann ved Forsvarets operative hovedkvarter, til Haugesunds Avis.

– Fartøygruppa skal innom Bergen og videre så langt nord som til Narvik for å øva, før dei set kursen sørover igjen, opplyser Hammarbekk.

Heilt til slutt kom støttefartøyet A 514. Foto: Kjetil Rydland.