Små og store born har fått invitasjon til nye klubbaktivitetar, og det var nærare femti som møtte opp til første samlinga i dag.

Då Tysdagsklubben på Øvrebygda bedehus opna dørene i ettermiddag, strøymde det på med jenter og gutar i ulike aldrar. Det var nærare femti born til stades. Mange av desse har vori med sidan klubben starta for eit år sidan. Klubben er open for alle born frå tre år og oppover.  Dei minste har som oftast med seg mor eller far.

Samlingane startar alltid med song og andakt. Då er flokken delt i to grupper med alderstilpassa opplegg. Seinare  er det høve til å velje mellom mange ulike aktivitetar. Dei fleste av desse er inne, men nokon veljer å vere ute også. Saft og nysteikte bollar vert servert kvar gong.

Det er klubb kvar fjortande dag heile hausten. Leiarane ønskjer små og store hjarteleg velkomne !