I denne veka var det over 50 born som ville vere med på den nye aktiviteten i Øvrebygda bedehus.

Klubben er open for jenter og gutar frå tre år og oppover. Leiarane i søndagsskulen og to barneforeningar har gått saman om dette nye opplegget. Dei seier at tida fram til jul skal vere ein prøveperiode.

Samlinga startar alltid med song og andakt. Då er flokken delt i to, slik at opplegget er mest mogeleg alderstilpassa. Ein halv time seinare er det høve til å velje mellom ulike aktivitetar.

Då me stakk innom, var det full aktivitet inne og ute. Nokre var i full gang med fotballkamp. Ei anna gruppe hadde det kjekt i klatrestativ og sklie. Rundt eit bord i storsalen sat det mest jenter med klyppe- og limearbeid. Dei minste borna kjevla og forma i trolldeig. Frå kjellaren kom det bankelydar. Der fann me ein ivrig flokk som snikra fuglehus. På kjøkkenet stod deigen klar, og det var mange som ville bake bollar.

Siste post på programmet var matpause med saft og dei nylaga bollane.

Neste samling er om to veker.