Som ei flott innleiing til Fitjar Festivalen kjem TX-Vikings til Fitjar og Kultursalen, onsdag kveld.

 

Showet som har spenstige stunts og syner rå styrke og muskelkraft  startar onsdag kl 19.30, og er rusfritt.
TX-Vikings er kanskje mest kjend frå deira deltaking i Norske talenter. Her gjekk dei vidare til andre runde.

I tillegg til showet vil tøffingane fortelje om sin kriminelle bakgrunn og korleis dei kom ut av det.
No er dei opptekne av å fokusere på viktige verdival i livet.

Til Fitjar kjem TX-Vikings med eit team  på 8-10 personar.

Billetten  kostar 50 kroner og alle er velkomne.

Hovedarrangør er Studenlaget HsH, med støtte fra kyrkja og kyrkjelydar i Fitjar.