Dei har vore på dørene, og på ferjeleia på Sandvikvåg og Halhjem. Dei står med bøsse og samlar inn pengar til gateborn i Romania. -Ulovleg og tvilsamt, seier politiet.

Operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Trond Friberg, opplyser til fitjarposten.no at han har fått hundrevis av meldingar om denne aktiviteten.

-Dette er ikkje nokon lovleg, registrert innsamling, og samlar folk inn pengar til eit føremål som ikkje eksisterer, er det straffbart. Samstundes er det ikkje så enkel å bevise at dei ikkje har eit akseptabelt føremål å samla inn til, men det er tvilsamt, seier  Friberg som råder folk til å vera skeptiske, sjølv om det er friviljug å gje bort pengar.

Så lenge aktørane ikkje er aggresive, grip ikkje politiet direkte inn, men dei følgjer med på det som skjer, og sveipar i denne samanhengen òg innom ferjeleia med jamne mellomrom.