Det er mange tvillingar i Vik-slekta. Søndag var dei samla til treff . Det var Aud Vik som har leigd gamlehuset, som la frampå om idèen om å samla tvillingane til eit eige treff, Per og Kristoffer Vik heiv seg på, og søndag var det seks tvillingpar på plass i Gamlahuset, med ein del andre slektningar i følgje.

Det vil seie at av tvillingparet Per og Aslaug Vik var berre Per til stades, og Bjørg Johnsen (f. Vik) var og åleine. Tvillingbroren hennar døydde allereie i samband med fødselen, eller rett etter, får me vite.

-Tvillingslekta i familien var kjem frå Tveita-slekta som mor vår er i frå. Det var mange tvillingar der, fortel Per og Kristoffer Vik til Fitjarposten.no.