Tveit Regnskap har flytta frå Meieriet over i nye lokale i Larsenbygget. – Kjempefornøgd, seier avdelingsleiar Madelen Vestrheim Knutsson til fitjarposten.no.

– Me trong større plass og ønskte oss samstundes meir moderne lokale, legg Knutsson til når vi spør om årsaka til flyttinga.

Dette gjer at Tveit rekneskap óg kan ta inn meir folk. – Me har vore nøydt til å seia nei til kundar med den eksisterande bemanninga. Men no lyser me ut etter ein rekneskapsførar til, seier Madelen V. Knutsson, til slutt.