Einar Lunde kjem til temakveld i Fitjar kyrkje, torsdag 27. september.

«11. februar 1990 heldt heile verda pusten. I fleire år hadde FN, Amnesty og fleire regjeringssjefar og aktivistar krevd at Nelson Mandela måtte setjast fri frå fengsel i Sør Afrika. No plutseleg sto han der – ein fri mann etter 27 år i fengsel. Me såg det «live» på TV.

Ingen hadde sett han på mange år, og ingen visste heilt kva han sto for. Mange frykta han ville bli eit gissel for dei kvite makthavarane, at han ville bli ein fiasko, at han heller burde bli verande i fengsel som eit symbol på kampen mot det forhatte og grusomme raseskillesystemet Apartheid.

Den dagen satt ti-tusen av svarte ungdommar klare med alle dei våpen dei kunne få tak i. Dei venta på ordren frå sjefen sin,Mandela, om å setje i gang – ta hevn etter 350 år med forferdelig undertrykking og frarøving av menneskeverd og rettigheiter av eiga jord. Heile landet dirra av spenning.

Så skjedde det noko som gjekk som sjokkbølgjer gjennom Sør Afrika, ja, heile verda. Nelson Mandela heldt tale for hundretusenvis i Cape Town, og den talen, som også vart sendt direkte på TV, vart byrjinga på det som har blitt kalt mirakelet i Sør Afrika.»

– Kva som skjedde skal den mangeårige ankermann og utanrikskorrespondent i Dagsrevyen, Einar Lunde, fortelja om når han kjem til temakvelden i Fitjar kyrkje.

Du kan venta deg ein engasjerande,entusiastisk og sprudlande foredragshaldar som trollbind heile forsamlinga, skriv Eli Simonsen i gruppa bak temakveldane til fitjarposten.no.