TV-Haugaland var i føremiddag på Fitjar, som synte seg i sin beste prakt med sol og svalande bris.

-Me var på Stord i går, og då syntest me det passa fint å få med seg Fitjar i dag, fortel journalist Siv Haugvaldstad og fotograf Tore Rothstranden, som mellom anna var på Kråko i lag med Rasmus Fitjar, intervjua Odd Sverre Larsen om den nye Sjøsio og varaordførar Gisle Levåg om kommunen generelt.

-Det er viktig å koma ut og snakka med folk, og ta pulsen på det som skjer, seier reportarane, som synest Fitjar er ein vakker og nydeleg plass.

-Berre synd at me ikkje kunne ta ein tur ut i øyriket denne gongen. Men me håpar å koma til Fitjar oftare enn før, smiler dei.

Innslaget vil koma i programmet "Sommar på Haugalandet", med det første.