Ordførar Harald Rydland kan med glede dela at TV-aksjonen for 2020 er i gong!
– I år må me tenkja heilt nytt når det gjeld TV-aksjonen. Koronavirus og smittevern gjer at me berre kan gje pengar digitalt ved hjelp av Vipps, kort eller faktura. Rydding av plast i havet er ei sak som det er lett å støtta, fortel Rydland.
Han har alt registrert seg med digital bøsse på www.blimed.no, og oppmodar fleire til å gjera det same.
– Det er ikkje vanskeleg å få til. Meininga med dei digitale bøssene er at me som bøsseberarar kan invitera slekt, naboar og vener til å vera med og bidra.
Sjølve aksjonsdagen er førstkommande sundag, den 18. oktober, men det er råd å støtta aksjonen allereie no, og fram til 1. november.
– Folket i Fitjar har alltid vore flinke til å støtta TV-aksjonen og lege heilt i toppsjiktet av kommunane i fylket. Som leiar for innsamlinga i Fitjar reknar eg med godt resultat i år og, avsluttar Rydland.
Som eit stunt har ordføraren hoppa i havet etter plast, noko ein kan sjå i videoen under: