-Det seier Sissel Jørgensen og Gro Yngvild Tenmann og rettar takken til alle som har vore med på kjempedugnaden for å gje varme til bebuarane på ein aldersheim i Bobrinetz i Ukraina.

Skuleelevar og besteforeldre, einskildpersonar og klubbar, har teke del i dugnaden med å strikke kvadratiske lappar. Lappar som igjen er blitt monterte saman til lappetepper. Kvart teppe er sett saman av 56 lappar.

-I tillegg til dei som har laga einskildlappar, har nokon laga heile tepper på eigenhand. Andre har gjort ein kjempejobb med å montera. Til saman ser det no ut til at det skal bli tepper til alle bebuarane på aldersheimen i aust, fortel dei to lærarane på Fitjar vgs til slutt.