Laurdag ettermiddag vert det turstiopning på Fodno.

Bakgrunnen er at prosjektet «Vandring i Hordaland” i regi av samarbeidsrådet for Sunnhordland har plukka ut dei 100 mest interessante turstiane i reiselivssamanheng. Dei har vidare merkt dei av på eit kart som er til no er kome i sal. Tur nr 11 er på Fodno på Fitjar. Denne turen går frå kommunekaien og til Ramsberget. Stien er oppmerkt av Robert Sørfonn og er no klar til å bruk.

Offisiell opning av turstien på Fodno vert altså i morgon ettermiddag.

Av programmet kan me nemne at det vert opning ved ordførar Wenche Tislevoll 
, musikk av Toradartuppene og servering av vaflar saft og kaffi i skulehuset. 

-Kom å bli med på ei hyggeleg ettermiddagstund på Fodno, oppmodar kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland.

For dei som ikkje har båt sjølv er det sett opp skyss frå Larsenkaien. Mellom anna vil Seladon stille og frakta folk gratis fram og tilbake.

Fint om dei som har båt sjølv og ønskjer å delta, kan ta med seg passasjerar til Fodno. Nokre har alt meldt i frå om at dei kan det, men ein treng endå fleire båtar.

Les meir her.