På Sæterbø hamna to store turskilt i olvelte under den ofselege orkanen i januar.

På parkeringsplassen ved Orraskitekjeldo på Sæterbø har turfolk og jegerar kunna gle seg over to flotte turskilt. To store infotavler med kart over Stordøya og ymse turskildringar.

Men det var fram til «Nina» fór over landet laurdag 10. januar i år.

Blant mange større øydeleggingar etterlet ho seg turskilta på Sæterbø i ein sørgeleg tilstand.

Vonleg vil rette vedkommande kjenna på kallet, og få skilta på rett kjøl att til påske.


Vonleg vil nokon kjenna seg kalla til å få skiltet på rett kjøl att. Foto: Kjetil Rydland.