Orienteringsgruppa har lagt ut 45 postar ulike stader i Fitjar, og på Palmesøndag starta me jakta på desse.

Turorientering går ut på å finna «postar» i terrenget ved hjelp av kart og kompass, når du vil og i det tempoet du sjølv ynskjer. O-gruppa i Fitjar idrettslag har i år lagt ut 45 poster i «Rossneset», «Fitjar aust», «Svartavatnet» og i «Nord Stokken»(Surefjell-området). Postane ligg  ute frå påske til ca. 1. september, og o-gruppa seier at postane er lagt  ut slik at det skal vera greit å nå dei saman med borna.

Mappe med kart, postbeskriving m.m. får ein kjøpt bl.a. på MX-sport hos Larsen og Videoen.

Det var ikkje det finaste turveret på Palmesøndag, men ein tur i Rossneset tenkte me ville passa. Her var det 6 postar å bryna seg på. Me var glad for at me hadde støvlar på  for det var ganske så vått i terrenget og postane låg ved ein del myrområde. Veret varierte frå solskinn til kraftig regn. 3 av postane låg forholdsvis nær turvegen som går innover, så dei var ganske greie å finna. Dei tre siste postane var plassert lenger ut i terrenget, krevde større tolmodigheit, grundigare kartstudium og større vilje til å bevega seg mellom brake og lyng. Me var ikkje dei einaste som var ute for å leita etter postar denne ettermiddagen. Den spreke dama i den raude jakken traff me igjen og igjen på mange postar, og me hadde gjensidig glede, og hjelp av kvarandre…

Etter nokre timar ute hadde me faktisk funne alle postane og notert ned koden frå kvar einskild post.

Vel heime igjen var det tid for å logga seg inn på nettet for å leggja inn postane der, registerera klippa, som det heiter. Dette er sjølvsagt ikkje naudsynt, «gamle-metoden» med papir og blyant fungerer fint, men det er veldig spennande med nett-registrering. I tillegg til å registrera postane ein har funne får ein her god oversikt over kor mange poeng ein har, kva postar ein har teke og ikkje, tilbakemelding når ein har oppnådd eit merke og kor mange poeng som gjenstår til neste merke. Ein kan skriva ned turopplevingar, lasta opp bilete (dette kan ein la vere privat eller velje å dele med andre). Her kan ein og samanlikna poenga sine med andre turorienterarar som har registert seg på nettet, og ein kan lesa om andre sine turopplevingar.

Me manglar fortsatt 39 kodar, så me ser fram til endå fleire flotte turar i Fitjarnaturen, på leit etter nye postar. Turorientering anbefaler me på det varmaste for dei som likar seg i skog og mark, dei som treng eit mål for turen, dei som ynskjer å trena seg i å lesa kart eller dei som treng eit ekstra puff for å koma seg ut, åleina eller saman med andre. God tur!