– 2015 er friluftslivets år, og o-gruppa utfordrar små og store til å komma seg ut i skogen eller på fjellet på postjakt. Turorientering er ein flott aktivitet for heile familien, skriv Rolf-Atle Rolfsnes på FIL sin nettside. Illustrasjonsfoto: Frå FIL si nettside.

Og han skriv vidare:

– Stolpejakta har allereie vore klar ei stund, der ein kan gå på postjakt i Rossneset eller på Kalveid/Vestbøstad. Dette er eit gratis tilbod, og kart med informasjon kom ut med Fitjarposten si marsutgåve. Kart kan òg hentast ved Spar i Larsen-bygget.

Ein kan òg laste ned karta frå http://turorientering.no/fitjar  – der ein i tillegg kan kjøpe dei andre turo-karta enkeltvis og laste ned pdf-filer som ein kan skriva ut sjølv. Den tradisjonelle turo-posen med kart og informasjonsmateriell kan kjøpast på MX-Sport, Videoen eller på Fitjar fjordhotell til kr 200,-.

Lett tilgjengeleg

Rolfsnes fortel vidare at O-gruppa i år har prøvd å leggja endå fleire av turo-postane lett tilgjengeleg for dei minste. Både i Sælevik, Øvrebygda og søraust for Fitjarstølane ligg postane langs stiar eller like ved stiar og traktorvegar. Det er lagt ut 10 postar på kvart av desse karta. I tillegg er det 20 postar på det nye kartet over Tveitafjellet der det er litt meir krevjande postar.

På nettsida er Tveitafjell-kartet delt i to kart à 10 postar, og det blir då totalt fem kart à 10 postar som kan kjøpast for kr 35,- pr stk på nettet.

Månadens post
Det blir månadens post med trekking av premie i slutten av april, juni og august. Postkasse med bok er plassert i Fitjarstølane i mars/april, i Sælevik i mai/juni og på Tveitafjellet i juli/august.

O-gruppa inviterer òg til «Finn fram-dag» ved Sælevik skule søndag 3. mai, og håpar at mange tar turen då for å bli med på ein dag med friluftsliv.

– Aktiviteten i o-gruppa er aukande, og det er tilbod om løp eller trening kvar onsdag frå veka etter påske. Oversikten finn ein på nettsidene, og det er berre å møta opp om ein ønskjer å prøva seg i o-sporten, skriv Rolf-Atle Rolfsnes, til slutt.