Svært mange hadde funne vegen til Kultur- og idrettsbygget då turngruppa hadde oppvisning i  ettermiddag.

Borna sette nok pris på at besto og besten var tilskuarar utanom foreldre og søsken, og me er viss på at besteforeldra gledde seg over det som vart framført. Alle gruppene hadde trena godt på det som skulle synast fram av sprett og hopp, songleik, ball-leik og mykje anna. Dei minste (gruppe under fire år) fekk halde mor eller far i handa. Aldersgruppa fire til seks år greidde seg fint åleine, og det var truleg den største flokken som viste sine kunster. Dei tre gruppene med turnarar frå første, andre og tredje klasse framførte  det beste dei kunne.
Kvar gruppe sine instruktørar har gjort ein god jobb gjennom dei mange øvingstimane kvar veke. Turngruppa vert leia av Trude Strand, og er som kjent ein del av den allsidige aktiviteten i Fitjar Idrettslag. Karateklubben står ikkje tilslutta Idrettslaget, men deira oppvisning til slutt er med og  viser breidda i dei mange tilboda som finst for barn og unge.

Terje Træet stod fram som ein erfaren programleiar og introduserte kvar gruppe som deltok. Arrangementet vart avslutta med loddtrekking, og dei som venta på nissen, vart nok ikkje skuffa. Men då hadde Fitjarposten sin utsendte reist heim.