Stord Fitjar turlag og Tranøy Vel har merka og skilta ei ny turløype på Tranøyo.

– Løypa startar ved sjøen i Naterøysundet, der Friluftsrådet eig eit stort område på Tranøyo, går vidare nordover på øya til Bassnesvatnet og ned til Bassnesvågen.

Det er òg ein avstikkar opp til Tranøysåto. Her er det er ein fin utsikt utover øyane i området. 

Ein har særleg tenkt på padlarar som vil ta seg ein tur i det fine terrenget. I vika der turen startar er det muleg å trekkja opp kajakk og kano, samt mindre båtar.

– Dette er ein tur me vil anbefala å prøva, seier Toralv Røen i Stord Fitjar turlag.