Stord-Fitjar Turlag vil gjere tårnet på Stovegolvet til Stord sitt svar på Skålatårnet. No inviterer dei til dugnad. 

-Dugnaden skal skje vår, sommar og haust 2014, og målet er at trafoen skal vere ferdig restaurert i løpet av året. Tanken er at tårnet skal bli ei varmestove, eit samlingspunkt, eit mål for fjellturen og ein stad der ein kan kose seg med matpakken, heiter det i ein e-post til fitjarposten.no.

Førstkomande tysdag vert det informasjonsmøte om dette i SKL sine lokale i Lønningsåsen.

For nærare opplysingar kan ein kontakte Stord-Fitjar Turlag.