Stord Fitjar Turlag var på ein alle tiders  tur til Island i tida 26. juli til 2. august.

Me hadde fint  turvær med god sikt og flotte fotturar med lokal fjellguide og ”eigen busssjåfør” som var med heile turen. Karvel Strømme var Turlaget sin guide, og me fekk topp service og innføring i Island si historie. Turen blei heilt unik, og me er kjempeheldige som fekk oppleva Island på sitt aller beste.

Me starta opphaldet med å bada i Den Blå Lagune.

Me budde fire dagar i Skogar der me hadde utgangspunktet for fjellturane, og tre dagar i Hafnarfjørdur nær Reykjavik.

Måndag 27. juli  gjekk me frå Skogafoss i området mellom breane Eyafjallajøkull  og  Myrdalsjøkull der me hadde flott utsikt utover slettelandet. Området har mange flotte fossar og alle grønfargane var spesielt kjekt å få oppleva.

Ein av dei flotte fossane rundt Skogafoss.
Ein av dei flotte fossane rundt Skogafoss.

Tysdag 28. juli kjørte me buss til området rundt Thorsmark, nord for breen Eyafjallajøkull. Her er utsikta mot Vestmannaøyane heilt spesiell. Me hadde tre korte turar i variert natur,  der me på den eine turen fekk sjå den sjeldne Islandsfalken.

Elvesafari med buss på tur til Thorsmørk.
Elvesafari med buss på tur til Thorsmørk.

Onsdag 29. Juli reiste me til Skaftafell som er ein del av Europas største nasjonalpark og som blant anna omfattar Vatnajøkul. Her var òg fjellturen i overveldande terreng. Med bussen passerte me denne dagen.

Angunn og Svein Bårdsen ved ein brearm ved Vatnajøkull.
Angunn og Svein Bårdsen ved ein brearm ved Vatnajøkull.

Skeidarårsandur der det i 1998 var ein enorm flaum etter vulkanutbrotet under Vatnajøkull.  Her var landskapet heilt aude og svart, medan fjellturen denne dagen var i frodig terreng.

Me fekk òg med oss ullutsal, museumsbesøk, fridag i Reykjavik,  Bessastadir (Presidentbustaden), Hallgrimskyrkja (der me møtte Biskopen på Island heilt tilfeldig utanføre kyrkja), Høgdi (Gorbasjov og Reagan, toppmøte 1986), Perlan Restaurant og mange historiske bygningar i Reikjavik + Gullfoss, Tingvellir, Geysir og andre spennande stader.

Turen til Island vart ei oppleving for livet. Me sit att med gode minne om ein godt samansveisa gjeng. Takk for turen til Stord-Fitjar Turlag og alle som var med. Spesielt til  Karvel Strømme for imponerande formidling av Island si historie frå førhistorisk tid til i dag .

Lengste brua på Island. Den gamle vart teken av flaumen i 1998.
Lengste brua på Island. Den gamle vart teken av flaumen i 1998.
 Skaftafell Nasjonalpark med Islands høgaste fjell.
Skaftafell Nasjonalpark med Islands høgaste fjell.
Ved Lovberget på Tingvellir.
Ved Lovberget på Tingvellir.