Per Audun Kloster og Toralv Røen, ivrige stifinnarar som legg forholda til rette for andre turfolk. Foto: Kjetil Rydland.

Stord Fitjar Turlag fyller 25 år, og førstkomande laurdag markerer dei jubileet med tilstellingar både på Stord og Fitjar.

Her på Fitjar blir det markering i Larsen-bygget klokka 11 med servering av jubileumskake og bålkaffi. Det blir ein liten Turtip-runde for dei minste, med premie til dei som fullfører. Det er Turlaget som melder dette på heimesida si.

Og ikkje minst blir det høve til å verta medlem i Turlaget. I høve jubileet vil alle vaksne som teiknar medlemskap denne laurdagen, få DNT si hue og boka «Namnevandring i Stord og Fitjar» av Jan Rabben og Kari Lønning Aarø som gåve.

Kulturprisvinnaren vår i 2017, Toralv Røen, har ein travel kvardag, men stiller opp. Det same gjer Per Audun Kloster, som samarbeidde med Røen om det nye turkartet for eit par år sidan, og som ofte er stifinnar under seniorturane her i Fitjar.

Den heilt nye jubileumsbrosjyren med årets turar og laget si historie vert og delt ut.

– Ta turen ut laurdag føremiddag for å treffa hyggelege turmedlemmer! skriv Stord-Fitjar Turlag på heimesida si.

Leiar Gerda Øen under årsmøtet på Fitjar med den aller nyaste medlemen i Turlaget, Tore Sigurd Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. ,